Forundring over lesarar sitt lese val

Eg har no merka meg over lenger tid at det er ein av postane mine som ligg ganske høgt på lista over mest lest. Ikkje kan eg forstå kvifor denne skal vere så spenande. ”Eksamen (sl)øving på G” er det som fangar lesarane si merksemd. Eg må dag etter dag snu på tankane for å finne ut kva som gjer denne posten så attraktiv. I dag leste eg posten, eg har heilt gløymt kva den handla om, slik eg nok har gjort med mesteparten av mine tidlegare postar. Eg ser at sjølv om det kanskje ikkje er ein av dei mest spanande postane, må eg nesten sei at den var bra skrive. Eg har ikkje alltid den teken å greie å skrive ein innhaldsrik og humoristisk post, vil nok sei at er ganske fornøgd med den.

Noko anna som òg har lete mi undring få undre er at det er svært mange som søkjer Ivar Aasen eller Knut Knudsen. Det er nok på denne måten sei finn fram til denne posten. Ikkje at den er til noko hjelp for dei som søkjer informasjon på desse språkforkjemparane.

Slit med helsa!!

Det gamle nye og litt nytt

Eg ser no at eg ikkje har gjort noko oppdateringar, på år og dag. Legg gjerne til veker òg i dette.  Det er i grunnen litt dumt. Ein del ting har skjed sidan sist. Tyrkia tur, sponsorløp, arbeidsveke, wannabee koldbrann og snart skal svineinfluensa sprøyte trå til!!

Kort om sponsorløp. Løp og løp fru. Blom kan ein vel sei, eg gjekk heile veien. Meg eg greide 10 runder tilsaman, noko eg var fornøgd med i augenblinken. Dagen etter var eg rimeleg irritert over meg sjølv, at eg ikkje to to runder til. Eg hadde tid! Uansett, eg hadde mange sponsorar, noko eg er storfornøgd med!

Kort om Tyrkia-turen. Puls og Fotball for til Tyrkia, der skulle me vere i ei veke. Tiltider ganske bra veir, til tider ikkje. Det var eit stort og flott hotell. WOW Kremlin Palace heiter det, russisk inspirert og greier. Der var mykje spennande mat, noko som førte til rare kombinasjonar, når ein først kom seg til sitteplassen sin. Me var introdusert for tyrkisk song (!?!), dyr, språk, humor, kultur, mat og mykje anna. For min del eit do besøk på eit marked, som eg fint kunne vere foruten!! Me kosa oss mykje og pinlege augenblikk oppstod nok litt for ofte.

Kort om arbeidsveke og wannabee koldbrann. Sist veke var eg heime på arbeidsveke, noko som eg fakktisk trur Haugetun er den einaste Fhs som har. Arbeidsveke, alltso. For min del var det ikkje so travelt på arbeidsfronten, eg sat tre dagar på Coop marked Lauvstad som den blide kassadama eg no eingong er. Då eg kom heim, hadde katten vår vert i ein slåstkamp. At ho hadde eit svært hove kinn var noko eg såg med ein gong. I motsettning til andre, som bur i huset! Til dyrelegen bar det dagen etter, og etter at dyrlege-dama trykte ut mykje gøgg og andre udefinerbare ting, kom ho til den konklusjonen at det var nok koldbrann. Å ha eit stort væskande sår i ansiktet som viser seg å vere koldbrann er nok ikkje det kjekkaste. Tilslutt vart koldbrannen ei skorve og den datt av.

No er eg her på Haugetun igjen. Me er alle samla igjen, og eg sit no her med pakkelasset på golvet, skap ved vasken, marie kjeks og to stoooore blemer under helane etter at eg gjekk altfor langt i sko som ein ikkje skal gå so langt med. Dette har føfr til at eg no ikkje kan belaste halane mine, og eg går her trippande på tå. I morgon skal eg sta å få svineinfluensa sprøyta mi. Hei hå som det skal gå, ikkje noko sjukdom her i gården nei!!!

Keep it cooool!!

Forming og vener

Forming er min favoritt syssel her på skulen, inga tvil! I morgon skal eg ha forming som valfag. Eg gled meg. Det skal eg ha fram til jul, so skal eg bytte etter jul. Mandagar har eg etikk, tysdagar forming og fredagar ny-sirkus. Eg er ganske spent på kva ny-sirkus eigentleg er. Har høyrt nokon rykter om flammeblåsing!? Ellers ser eg fram til å kanskje lære meg å sjonglere.

Vener er alltid kjekkt å ha, det er nok noko alle veit. Eg har gode vener heime, gode vener som studerar og gode vener her. Fantastisk!

Det er ikkje kvar du dreg, men kven du dreg med som gjer reisa. (Litt filosofisk kanskje?? o_O )

På onsdag reiser eg til Tyrkia med klassa mi, fotball klassa og eit par lærarar. Der skal me bu på eit fantastisk hotell som ser ut som disney land for voksne!!

http://www.detur.no/catalog.cfm?nHotelNo=21668&nonlinecatalogueNo=15102

Hei hå, hei hå!!

Her kryp vitjartalet mitt oppover i stor fart. Allereie har det komt over 4 000!! Eg tykjer dette er kjempe bra, og hopar at trenden fortsett :)

Tusen takk for alle lesarar. Keep on the good work!

Den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves.

Ja, det er gjerne slik ei kallar det. Om dette er tilfellet er også for meg veit eg ikkje enda.

Tingen er at eg har vert plaga med vasken som står her på romet mitt, sidan dag ein. Den likar nemmeleg å gurpe oppigjen ting som eg har hatt nedi den. Vatn, iste, såpe, jif og diverse anna. I tillegg til dette luktar det ikkje alltid så godt når dette skjer. Det luktar faktisk slik det gjer på Moss, for dei som har kjaurt gjennom Moss og kjent den ”vene” mosselukta.

Før helga var det kanskje fekk eg storfint besøk her på romet mitt. Rektoren og iternatleiaren tok turen innom etter at eg huka tak i dei ute i gangen her. Eg forklarte igjen problemet og pressanterte mine bevis, dette vart gjort i form av i liten logg og videofilm som eg har gjort. Rektor foreslo at det kanskje var spøkelset i vaskekjellaren som kom inni vasken. Dei forstod problemet. Kanskje to dagar sidan fekk eg besøk igjen, denne gongen av eine vaktmeisteren og ein mann i stygg skinnjakke. Dei to stod å prata lenge og vel mellom kvarandre, før dei fløymde opp vasken min og forsvann utan eit ord. Noko frekkt tenkte eg. So stod eg der, med ein vask der vatnet ikkje tek seg bry med å renne vekk. Kva skjer?? Tenkte eg.

Før har det bobbla og styrt på etter eg sjølv har brukt vasken, men no har det heile utvikta seg eit steg vidare. No bobblar den og styer på når eg ikkje har brukt den på fleire timar. Kva vil skje om den utviklar seg eit steg til??

I følge ryktet skal dei ta ein høgtrykkspylar, stape den inni eit røyr og fyre på. Eg fryktar at dette kjem til å ressultere i at eg får eit svært vått rom, og at dei ikkje finn noko.

Eg ser, eg ser

Ja, eg ser no for eit fantastisk dårleg innlegg eg posta her 12. oktober. Slik går det når ein bestemmer seg for å skrive ei meiningslaus oppdatering midt på natta.

Præææææækast!

Oooo.. ei oppdatering

Dette er kanskje ikkje noko store nyhende, sjølv om etter det som eg har sett i nyheitene har det stede svært lite om det. Pluttseleg ser det ut som om folk her har fått fine nye klokker, men den gang ei. Eller…? Politien hadde stått med veiane i fult utstyr og ryktet om at ranarane gjekk på frifot var nok med på at eg holdt meg inne resten av den dagen.

I natt skal HPS- og DLA-klassa på flyet til Barcelona, i det store syd! Ooooo.. Frivillig ufrivillig har eg meldt meg til rådigheit  å døgne med Beate. Eg veit ikkje heilt om dette kjem til å la seg gjennomføre.

Denne helga har nesten alle gutane vert på fotball-cup. Dette har ført til ei stille helg, der ein fakktisk kan slappe av og gjer nærmast akkurat det ein vil. Hei hurra for fotball-cup! (Ikkje at det er kjekt at dei er her òg)

På laurdag skulle eg eigentleg på landslagskampen Noreg – Sør-Afrika, slik blei det ikkje, det blir heller ikkje Raske Menn Show 2 og 3, pga pengemangel. Det som fakktisk vert er at eg skal på innspeling av ”Torsdagskveld fra Nydalen”, noko som eg gled meg veldig til. Hei hurra!!

No sit eg på rommet til Beate og Cathrine og skriv, eg har ubeskrivelige stive skuldrar og Beate seier eg skal helse.

Til tross for ein dårleg skreve blogg var det ei lita oppdatering. Lev med det lzzzzm…

Haustferien har gjort sitt inntog

Etter at Haugetun jenter, slo Grenland jenter ikkje mindre enn 8-6 (2-5) er det no ferie. Noko eg har gleda meg til ei stund, og no når eg sit her midt i ferien gler eg meg til at den sluttar. Eg merkar her er litt lite folk rundt meg. Når eg no kjem tilbake på Søndag er alle samla igjen. Opplev middelhavet er tilbake frå deira utflukt i Spania/Marokko/Gibraltar, og vi er atter samla.

Denne ferien har eg ikkje brukt til noko stor ståhei, det er nemmeleg ikkje nokon andre på min alder som er heime denne tida. Dei som enda går på vgs har haustferien sin neste veke. Dette er nok ein av bakdelane med å gå på skule på Austlandet. Der må dei gjer alt før alle andre. Her sit eg, aleine. Det var vel ikkje akkurat dette eg reiste frå Haugetun for?? Greit at ein kan verte litt lei av ein heil horve med andre folk på sin eigen alder, men hallo! Skal eg då sitte er mutters putters aleine for den grunn?? I dag kjem Mari heim, det gled eg meg til!

20. oktober skal skulen ha noko ein kallar eit sponsorløp. Spennande om du spør meg, eg gler meg allereie. Eg syns eg har fått mange sponsorar, og gler meg til eg skal springe til eg spyr! Om ikkje til eg spyr så ganske fort. Som eit olja lyn. Om ikkje som eit olja lyn, så skal det vere som eit lyn. Kanskje.

Eg skal gjer mitt beste! :D

Nye hobbyar er på plass

Ja, no når eg går her på Rolvsøy, og det flaumar ikkje akkurat over med fritidstilbud her. Då må ein ta ting i sine eigne hender, og bruke det ein har.

For det første har eg byrja å synge i lydstudio, det er kjempe kjekt og kjempe morosamt. Der kan eg kose meg i monge timar, synge eller sitte med maskinene og styre musikken. Det andre er at eg har tatt oppigjen fotball kunnskapane mine. I morgon skal det halveis etablerte jentelaget her på Haugetun spele mot Grenland fhs. I dag var mi fyste trening, og eg ser at det er ikkje få år sidan eg spelte sist. For min del syns eg det gjekk katastrofalt dårleg, men me tek det ikkje så veldig høgtidleg. Tap og vinn med same sinn!! Eg har fressten høyrt rykter om at laget frå Grenland ikkje er så veldig bra… Hopar at ryktet har noko for seg so har me kanskje ein sjanse.

Nei, eg kan faktisk ikkje flyge…

Sjølv om heile kroppen og all fornuft tillseier at ein ikkje skal kaste seg utfor ei 84 Stine hopparmeter høge bru med haudet fyst, gjor eg det. Borrelåsen på føtene holdt og det gjorde også strekket.

 

                                                         Her hoppar eg……

Her er eg nede…..

Stine har hoppa

 

 

 

 

 

 

 

Utruleg fantastisk følelse når du er i fritt fall, 3-4 sekund svevar ein før strikken tek tak og dreg deg opp igjen.

Dette var i Vemorkjuvet i Rjukan. Dei 3-4 timane i bussen fann eg meg sjølv unormalt roleg for det som kom til å kome. Men såg når eg hadde hoppa at det var eigentleg ikkje noko å ver redd for.

 

Søndagen var nokon av oss til Oslo på tv-innspeling til ”Den Norske Humor”.

sdfrtgyhuj

I midten der framme sit Trond VIggo Torgersen, og to seter til venstre for dette bilete sit Mari Maurstad…

Larve

Her ein dag fann Marit ein gigant larve, eg har søkt på den og det skal verte ein gigant møll. Stor og stygg, rett og slett…

Den var kanskje 7 cm og tjukk som ein ringefinger..